Øystein Hellesøe Brekke
banner
oysteib.bsky.social
Øystein Hellesøe Brekke
@oysteib.bsky.social
Omsetjar, språknørd, historikar, grøn, liberal, bygdebokredaktør. Har skrive nokre bøker, kjøp dei. "Kontoret - Hanseatenes historie" er ute i mjuke permar no.
Eg trur ikkje me har nokon automatikk i det i Noreg. Kongen vel den som verkar mest truleg å klara å danna regjering, jf. Bondevik. Eller?
November 28, 2025 at 2:33 PM
Like tankevekkjande er det at det er 20 liechtensteinske innvandrarar i Noreg og berre 11 i Sverige. Dette er eit godt Liechtenstein-faktum som du kan bruka i selskapslivet.
November 27, 2025 at 6:40 PM
Andelen svenskar i den norske befolkninga er større enn andelen nordmenn i den svenske befolkninga. Men andelen av alle svenskar som har flytta til Noreg er mindre enn andelen av alle nordmenn som har flytta til Sverige.
November 27, 2025 at 6:36 PM
Det er fleire frå Finland og Estland i Sverige enn i Noreg, men det er fleire frå Latvia og Litauen i Noreg enn i Sverige.
November 27, 2025 at 6:31 PM
I så fall trekkjer eg alt tilbake, kontekst er konge og Knausgaard er teit!
November 25, 2025 at 3:21 PM
Tankane kvernar langsomt her, men eg trur eg forstår Knausgaard litt, sjølv om eg òg har skrive på den måten. Eg vil heller lesa biografien om hattemakaren, der kjeldene faktisk finst, enn om kjendisen Marlowe utan kjelder.

Men det er vel omtrent det du gjer no, eller?
November 25, 2025 at 9:29 AM
Elvis Presley, Tymbrålsbakkane 9, 1983-87
November 24, 2025 at 6:11 PM
Ikkje eg heller, men eg trur det er teoretisk mogleg om ein har ein av kvar rett ved sidan av kvarandre, og får lov å klemma på dei og spørra dei ut og sånn. Songarane er berre, større spenn innanfor kvar art enn skilnaden mellom dei.
November 24, 2025 at 12:46 PM
Høh, det har eg ikkje tenkt over, det er same greia, ja! Men eg trur kanskje gransongar og lauvsongar er endå likare.
November 24, 2025 at 12:00 PM
Det som er veldig irriterande med sånne fartsputer, er alle som bremsar ned i 15 km/t når dei skal køyra over dei, når eg ligg rett bak.
November 24, 2025 at 11:36 AM
102: Gransongar, Phylloscopus trochilus. Så godt som umogleg å skilja frå lauvsongar med auga, men fuglesong-appen min sa at dette var ein av dei snaut 1 million gransongarane i Noreg. Sjølv om denne sit blant bjørkelauv. Ein gransongar som tenkjer utanfor boksen.
November 24, 2025 at 7:10 AM
It never struck me before that Norwegian has two words here where English and German only has one - "veksa" is grow in general, and "gro" is grow but only for plants. Have we preserved the distinction all the way from Proto-IE times?
November 23, 2025 at 8:17 PM
101: Myrstankelbein, Tipula paludosa. Eg ante ikkje at dei uskuldige stankelbeinane kunne vera skadedyr, men denne likar å eta røtene på gras og har invadert amerikanske beitemarker og plenar. Kan ikkje flyga meir enn fem meter i strekk pga dei korte vengene. Meir kompetente stankelbein finst.
November 23, 2025 at 9:18 AM