V-🐻
vebjorn.bsky.social
V-🐻
@vebjorn.bsky.social
Målmann av legning, flisespikkar av utdanning. Midtstoggar i festleg lag. Ja til væpning av Språkrådet. Signe ballen.

📍 Sogn og Fjordane
Nei, men etter ein speidarleir i formative år har eg levd gjennom både tenåra og ein heil del vaksenår i trygg forvissing om at sandjorda der nede eignar seg ypparleg til nettopp gulrotdyrking. Eg avstår likevel frå å kommentera kva slags kjælenamn dei lokale visstnok skal ha for gulrot.
December 2, 2025 at 7:20 PM
Eg skulle til å skriva at eg forsakar Rogaland og alt Rogalands vesen¹, men no får du meg til å lura på å la det liggja.

¹Med visse sakleg grunngjevne unnatak, slik som Viking, komla med dott i (både retten og Grete-Lill Tangen-songen), nær familie og lydane som kjem gurglande or gapet på meg, og d
December 2, 2025 at 7:16 PM
Sokalla Rage-bait
December 2, 2025 at 6:37 PM
Sana-Sol? Meiner du flytande gullvitamin? Meiner du det
December 2, 2025 at 5:43 PM
«Men han gjekk på vatnet» – ja, det gjorde Joe Bell borte mot Brann òg. Ikkje berre gjekk – han dansa på vatnet! Surfa på vatnet! Trilla ball i badehette med elleve halvdrukna kattungar i ketsjup-raude fotballkostyme – på vatnet. Prøv igjen, Jesus-tjommi.
December 2, 2025 at 5:15 PM
Viking stig no vel _ned_ frå det himmelske riket, for slik å velsigna Europa-toppen med mørkeblått nærvær? Det er difor hymnen er so høgtidsam – han ber bod om den vedunderlegaste atterkoma av alle atterkomer. Tenk at Meisterliga-trudelutten skal få klinga utover Jåttåvågen. For ei ære for UEFÅ.
December 2, 2025 at 5:10 PM
Dette er humor eg kan setja pris på. Tillat meg å nikka anerkjennande.
December 1, 2025 at 11:25 AM
Ei sokalla signa turhelsing?
December 1, 2025 at 11:22 AM
Signe deg!
December 1, 2025 at 8:53 AM
Takk for drahjelp! Eg har lenge prøvd etter fattig evne. 🙏
December 1, 2025 at 7:58 AM
FOTBALLEN VELSIGNE DEG OG VARE DEG

FOTBALLEN LA SKRUKNOTTANE SINE LYSA OVER DEG OG VERE DEG NÅDIG

FOTBALLEN LYFTE SJØLVASTE ELITESERIEPOKALEN MOT DEG OG GJE DEG FRED
November 30, 2025 at 11:24 PM
Draumen ER!!!!!
November 30, 2025 at 11:22 PM
Eg forstår ikkje dette tilværet. Fotball er … gøy? Helsebringande? Ei kjelde til glede og jubel? Kva slags parallell dimensjon er det me er kasta inn i no
November 30, 2025 at 11:14 PM
TENK AT DET GJEKK 🥹🥹🥹
November 30, 2025 at 11:09 PM
So det var dette den store filosofen Per Sandberg sikta til med «karma vil bite deg bak»? Det var rett og slett ein profeti?
November 30, 2025 at 10:55 PM
❤️
November 27, 2025 at 11:36 PM