Sølve Rydland
banner
solveryd.bsky.social
Sølve Rydland
@solveryd.bsky.social
Politisk redaktør i Bergensavisen (BA).
Basert på mengde someinnhald Spurs Women har pumpa ut i dag skulle ein tru at dei hadde henta Maradona …

… vent litt. Det er vel igrunn akkurat det dei har gjort.
November 21, 2025 at 8:52 PM
Har norske redaktørar politisk slagsida? Ja, det har dei. Men det er slettes ikkje på venstresida dei klumpar seg saman. LES KOMMENTAREN!
www.ba.no/norske-redak...
Norske redaktørar har så absolutt slagside, men særleg raude er dei ikkje
Norske redaktørar er slettes ikkje venstrevridde. Dei klumpar seg saman der makta held til: I eit liberalt politisk sentrum.
www.ba.no
November 18, 2025 at 4:48 PM
Nokon kommenterte at landslaget burde få ny låt. Det bryr eg meg ikkje om. Det NFF i staden burde ha gjort, var å slutta å spela spor 1 og spor 4 frå CD-en Absolute Champions (1994) kvar gong nokon vinn ein pokal. Ja, «Alt for Norge» var spor to på denne. Dyrk heller vinnarklubben! Hiv den CD-en!
November 15, 2025 at 8:46 PM
Med to seriegull og eitt cupgull tangerer Signe Gaupset det største fotballikonet i Brann og Bergen, reint sportsleg. Berre 20 år gammal. Men det er ikkje resultat som skapar dei verkelege fotballikona. Det langt meir som skal til. Og vil ein slik status eigentleg vera tilgjengeleg for ei kvinne?
Kan verkeleg ei kvinne verta eit ekte fotballikon?
Berre 20 år gammal har Signe Gaupset skapt publikumsopplevingar som ingen annan kvinneleg fotballspelar har skapt her til lands. Berre framtida vil visa korleis ettermælet hennar vert.
www.ba.no
November 15, 2025 at 9:53 AM
Dersom Norge hadde vore Brann, hadde magekjensla tilsagt at landslagspausen enda om lag slik. Heldigvis, for begge partar, er ikkje Norge Brann.
November 12, 2025 at 6:43 PM
Dette er den beste landslagspausen på lange tider. Ikkje nok med at laget få ein kvil, men midt i pausen er det pause i landslagspausen. Då skal gullet faktisk hem på heilt ekte.
November 9, 2025 at 6:24 PM
To ting som slår meg: I Oslo er det nesten alltid opplett og det er boss overalt, men folk veit verken kva opplett eller boss er for noko.
I Oslo er det ikke opplett!
I Oslo går folk med paraply når det er opplett.
November 5, 2025 at 7:58 AM
I Oslo går folk med paraply når det er opplett.
November 5, 2025 at 7:04 AM
Tenk at det var den samme klubben som leverte førsteomgangen mot Bodø og førsteomgangen mot Bryne. I løpet av den same veka. Brann er så absolutt nokke for seg sjøl.
November 3, 2025 at 8:33 AM
Signe Gaupset har to seriemesterskap og eitt cupgull med Brann. Det er det berre den aller, aller, aller største som har greidd på herresida. Eg berre nemner det.
November 1, 2025 at 4:18 PM
40 år etter at Nymark Idrettslag vart seriemester i Norge, kunne Nymark-jentene feira eit fantastisk seriegull på Brann Stadion på Nymark. ❤️‍🔥❤️‍🔥❤️‍🔥
November 1, 2025 at 3:25 PM
Seriegull… Kan ikkje forstå at nokon vil gå glipp av det?

Antiklimaks… Kan ikkje forstå at nokon vil gå glipp av ein klassisk Brann-fadese?

Uansett… Rimeleg spesielt å ikkje dukka opp på Stadion i morgon. Det vert uansett ein kamp du aldri vil gløyma.
October 31, 2025 at 3:28 PM
Visste ikkje at Fredrikstad spelte i gult…
October 29, 2025 at 8:08 PM
Lønningene til helsetoppane er ikkje så sjuke som ein kan få inntrykk av. Om ein pensar over til jernbanesektoren oppdagar ein at staten har langt større problem enn at dei ansvarlege på sjukehusa tener bra. www.ba.no/debatten-om-...
Debatten om lønningane på sjukehusa er ei real avsporing
Lønningane til helsetoppane er ikkje så sjuke som ein kan få inntrykk av. Eg skal visa deg ein sektor der det er grunn til å stilla langt fleire kritiske spørsmål.
www.ba.no
October 29, 2025 at 3:01 PM
Store spørsmål: Kven kom først; høna eller egget?, kva er meininga med livet?, finst det ein Gud? og korleis hadde det seg at Signe Gaupset hadde fylt 20 før ho fekk starta ein a-landskamp?
October 28, 2025 at 7:25 PM
To år etter at Justine Kielland var den beste ballfordelaren i Champions League, har det endeleg gått opp for landslagssjefen at det er naturleg å testa henne i hennar naturlege rolle på landslaget, og å flytta midtstopperen Ingrid Engen ned som, ja, midtstoppar.
October 28, 2025 at 5:23 PM
Det er berre tre år mellom Nordre Åsen og 3-0 mot Rangers i Europaligaen. På veg heim frå Stadion slo det meg. Er det ikkje akkurat dette Brann er skapt for? Europaligaen kler byen, laget og desse folka så forbanna godt. Nåde den som trykkar på knappen til tidsmaskina!

www.ba.no/fra-nordre-a...
Frå Nordre Åsen til den sjuande himmel: Nåde den som rører knappen på tidsmaskina
Ingenting var betre før. Berre spør Fredrik Pallesen Knudsen. Om ein på noko som helst tidspunkt skulle ha stoppa tida, måtte det vera akkurat no.
www.ba.no
October 24, 2025 at 6:41 PM
25 minutt tok det før dommaren blåste eit einaste frispark. Siste 20 blas han i fløyta i eitt sett.
October 23, 2025 at 5:38 PM
Var i Portugal nyleg. Der var det kommuneval. Partisystemet i Portugal er tidig. Dei to hovudmotstandarane er det sosialdemokratiske partiet som er eit sentrum-høgre-parti og sosialistpartiet som er eit sosialdemokratisk parti. Dei to partia delte dei fleste av dei 308 ordførarverva mellom seg.
October 15, 2025 at 6:19 PM
Holten har potensial til å verta den mest typete typen i norsk fotball på år og dag. Håpar verkeleg han vert god nok til å verta fast inventar som midtstoppar i Brann ein dag. I juniorfotball har han iallfall udiskutabelt internasjonalt format. Både som type og spelar.
October 12, 2025 at 11:57 PM
Likar Brann sin nye hyperambisiøse spelestil. Einaste eg ikkje forstår, er at dei prøvde for første gong i ein kamp i Stockholm der 0-0 hadde vore eit strålande resultat.
October 12, 2025 at 3:49 PM
Og, ja. Sportsklubben Hardy ville ha fylt 110 år. I dag, faktisk.
Det er 87 år sidan ein bergensar sist representerte Norge i eit fotballmeisterskap for herrar. No knivar fire vaskeekte kjuagutar om å kopiera bragda. Dessverre finst det andre parallellar til fotballen på 30-talet som er langt mindre lystige. www.ba.no/no-kan-desse...
No kan desse fire kopiera legenda som fekk Hitler til å gå i sinne
Det er 87 år sidan ein bergensar sist representerte Norge i eit fotballmeisterskap for herrar. No knivar fire vaskeekte kjuagutar om å kopiera bragda. Dessverre finst det andre parallellar til fotball...
www.ba.no
October 10, 2025 at 9:24 PM
Det er 87 år sidan ein bergensar sist representerte Norge i eit fotballmeisterskap for herrar. No knivar fire vaskeekte kjuagutar om å kopiera bragda. Dessverre finst det andre parallellar til fotballen på 30-talet som er langt mindre lystige. www.ba.no/no-kan-desse...
No kan desse fire kopiera legenda som fekk Hitler til å gå i sinne
Det er 87 år sidan ein bergensar sist representerte Norge i eit fotballmeisterskap for herrar. No knivar fire vaskeekte kjuagutar om å kopiera bragda. Dessverre finst det andre parallellar til fotball...
www.ba.no
October 10, 2025 at 7:51 PM
Enormt merkeleg å endra til ein ekstremt risikabel spelestil før ein bortekamp mot eit godt lag i Europa, når dei knapt har slept inn mål til no i sesongen…
October 7, 2025 at 6:56 PM
Kan nokon fortelja Smerud at Signe Gaupset må lenger fram i bana? Relasjonen mellom Davidson og Gaupset er heilt borte.
October 7, 2025 at 6:39 PM