Nabolagsverkstaden
banner
nabolagsverkstaden.bsky.social
Nabolagsverkstaden
@nabolagsverkstaden.bsky.social
Alle fortener hjelpa, kompetansen, verktøya og plassen dei treng for å ta vare på tinga sine og heimen sin, til det beste for beredskapen, klimaet og lokalmiljøa. Difor finst Nabolagsverkstaden.
Verkstaden finst ogso på Instagram!
November 27, 2025 at 8:26 PM
*kviskrar forsiktig*
eg er prosjektet
Nabolagsverkstaden er (snart?) ei ikkje-kommersiell stifting som har verkstadareal, verktøy og kompetanse på reparasjonar, redesign og trearbeid som me lånar ut gratis til alle som treng det. Verkstaden skal verte eit kulturhus for dei gruppene som elles ikkje ville oppsøkt eit kulturhus.
November 27, 2025 at 7:26 PM
Neste steg er å få Nabolagsverkstaden registrert som ei ikkje-kommersiell stifting. Då treng me:

- Minst 100.000 i dokumentert grunnkapital
- Eit styre

Har du lyst til å hjelpe til?

Rop ut på [email protected]!
November 27, 2025 at 7:23 PM
Intensjonen med Nabolagsverkstaden er på sikt å utvide, slik at det me tilbyr kan verte tilgjengeleg for endå fleire. Nabolagsverkstaden kjem alltid til å prioritere og starte opp nye verkstadar i låginntektsområde med trangbuddheit og levekårsutfordringar.
November 27, 2025 at 7:22 PM
Den fyrste verkstaden kjem til å starte opp i Groruddalen, truleg allereie i fyrste halvdel av 2026. Her bur mange tett, er lågtløna, jobbar ufriviljug deltid, er i utfordrande sosiale miljø eller er utanfor arbeidslivet. Nabolagsverkstaden gjev desse personane eit kraftig levekårsløft.
November 27, 2025 at 7:22 PM
Universelle tiltak treff likevel ikkje alle grupper like mykje. Lågtløna og trangbudde vil oppleve mykje betre effekt av tiltaket fordi det bøter på konkrete praktiske utfordringar i deira kvardag i større grad enn det gjer for ein meir velståande gruppe.
November 27, 2025 at 7:04 PM
Nabolagsverkstaden speler på sosialdemokratiet sitt aller beste triks - universelle ordningar. Ei universell ordning sørgjar for legitimitet fordi det er tilgjengeleg for alle på likt grunnlag.
November 27, 2025 at 7:03 PM
Dette er ikkje eit prosjekt laga for å generere profitt. Alt økonomisk overskot skal gå til å betre tilbodet for dei som brukar Nabolagsverkstaden, anten gjennom å oppgradere utstyrspark, utvide opningstidar, tilsetje ein større stab eller ved å starte nye verkstadar.
November 27, 2025 at 7:03 PM
Nabolagsverkstaden søkjer sosialt, ikkje økonomisk overskot. Me skal vere eit sosialt tilbod som gjer kvardagen litt enklare, ikkje berre for dei som nyttar verkstaden men ogso for naboane og samarbeidspartnarane våre.
November 27, 2025 at 7:02 PM
Dette er eit kapitalintensivt konsept. Verkstadparken er det mogleg å byggje over tid, men for å kunne møte etterspurnaden på ein god måte so vil det ikkje halde å utelukkande tilby handverktøy og skrumaskinar. Det er viktig å investere i verktøy som toler belasting.
November 27, 2025 at 7:02 PM
For å kunne vere eit realistisk grasrottilbod, so må me sørgje for å vere tilgjengelege for alle dei som treng oss, og sørgje for at alle som bruker lokalet kjenner seg trygge på at det er ein plass der dei er like mykje verd som alle andre.
November 27, 2025 at 7:01 PM
Slagordet til Nabolagsverkstaden er “bygg fellesskap”. Me ynskjer å vere eit tilbod som samlar folk om konkrete og handfaste utfordringar, og der me gjev kvarandre både metaforiske og konkrete verktøy for å rette opp dei problema me er der for å fikse.
November 27, 2025 at 7:01 PM