Morten Øen 💛💙Ї🇺🇦
banner
morten.rart.no
Morten Øen 💛💙Ї🇺🇦
@morten.rart.no
Nei, eg er ikkje forfattaren/fotografen med same namn. Mann med ein innekatt. Postar heilt på eigne vegne.
Insta: morten.nb.oen
Det kan skrivast Worcester sauce, og då uttalast det normalt slik, ja.

Det er meir vanleg å skrive Worcestershire sauce, etter det eg har registrert, og då er det ikkje uvanleg å uttale heile Worcestershire og ikkje berre Worcester.
November 22, 2025 at 2:46 PM
Litt fascinerande at så mange berre vidaredeler sånt når det er så enkelt å sjekke om det er gjort ein slik endring på Twitter. (I det minste om ein framleis har har Twitter-konto.)

Eg var nysgjerrig innom den gamle kontoen min for å sjå, og vart naturlegvis litt skuffa over at det ikkje var sant.
November 22, 2025 at 2:34 PM
Det kom definitivt som ei uvelkommen overrasking, men når det er sagt, og cayenne-pepparen skrapt vekk, gjekk det likevel å ete havregrauten, om enn med litt ekstra sting i smaken
November 21, 2025 at 3:37 PM
All tid dei går for fulle seil, er dt nok heller for å bruke årene som å skuve vekk frå skipet drivgods eller liknande, tenkjer eg. Då gir det meining å speide framover
November 17, 2025 at 6:41 PM
Dozy Don is the President's new name
November 8, 2025 at 9:05 AM
Er det nokon som har vore ut for autocorrect der?
November 6, 2025 at 3:05 PM
Sjøen var ikkje ukjent heller halve folket i fjellbygdene rundt om i landet var allereie føre Fyrste Verdskrigen emigrert over havet til Amerika
November 3, 2025 at 10:13 PM
Ein skal absolutt heller ikkje sjå bort frå at berre det å dra ut i den store verda og oppleve andre stader og folk i seg sjølv kunne lokke, særleg når ein høyrte rykte om slektningar som hadde vore ute og opplevd eksotiske andre land
November 3, 2025 at 10:13 PM
Det var lite gode arbeidsplassar i fjellbygdene den tida. Mykje av det var jord- og skogbruksrelatert hardt arbeid med låg lønn. Så vart det etter krigen kjent at det mangla sjøfolk, og god lønn for dei som var villige til å dra ut og forsake familieliv og nettverket heime for eit par år eller ti
November 3, 2025 at 10:13 PM
Eg er einig i at det har nok prega oss meir enn me er klar over. Det ville vore fantastisk om du kan skrive noko. Det manglar mykje historieskriving

På éin måte er det lettare å finne tal på skipsfarten, for det vart ført gode statistikkar. Det som manglar er skildringar av livet og opplevingane
November 3, 2025 at 10:03 PM
Det var altså ikkje så uvanleg at folk drog til sjøs frå fjellbygdene heller, men naturlegvis ikkje så vanleg som på kysten, likevel ikkje uvanleg. Gudbrandsdalen hadde for eksempel eit relativt stort kvalfangarmiljø
November 3, 2025 at 9:33 PM
Spennande tråd!

I åra rundt 1960 var så mykje som 1/3 av alle årskulla med norske tenåringsgutar til sjøs i kortare eller lengre tid. Så mykje som 1/3. Ikkje alle var veldig lang tur, men dei var til sjøs

Dette er ein underkommunisert del av norsk historie

Takk for att du deler det!
November 3, 2025 at 9:30 PM
Det har vel vore i lang tid slik at Elden har gjort som Staff held på i si tid, gått etter kontroversielle klientar som gir stort potensiale for publisitet, etter prinsippet om at all merksemd er er god merkesemd

Veit ikkje om det same gjeld klientane i dei sakene, men det er det for Elden
November 1, 2025 at 8:50 AM
I guess that means she is doing something right?
October 29, 2025 at 11:56 AM