Jens Kihl
jenskihl.bsky.social
Jens Kihl
@jenskihl.bsky.social
Frontsjef i Bergens Tidende, vokalist i Foreningen for By og Bygd. Godt gift.
Er på landsmøtet i Noregs Blåskylag med @oleneikopp.bsky.social.
June 6, 2025 at 5:57 PM
Eg klarte sjølvsagt ikkje vente.
May 30, 2025 at 8:28 PM
Eg fyrte meg såpass opp over det min kollega Hans K. Mjelva skreiv om regjeringas skattelotteri at eg måtte svare. Unge er ikkje forsøksdyr i statens teneste. Dei fortener å bli møtt med same respekt som andre skattebetalarar. www.bt.no/btmeninger/k...
May 28, 2025 at 4:34 PM
Kom ikkje her og fortel meg at du får «økt forståelse for hvor viktig stabile rammevilkår og sunne bedrifter er for å skape jobber og finansiere velferden vår» av å vere Thon Hotels-ambassadør under Ski-VM.

Eg skriv om Solberg, Helleland og Høgres habilitetskriser. www.bt.no/btmeninger/k...
May 24, 2025 at 8:12 AM
Sist veke var det Ensomhetspartiet, den veka er det Fred og rettferdighet. NRK har gjeve oss to skandalar på to veker på veg inn mot stortingsvalet. www.bt.no/btmeninger/k...
May 21, 2025 at 9:03 AM
I dag skriv eg om AfD, den høgreekstreme blokka i Europa og kva vi skal gjere med den. Eg trur partiforbod er ein blindveg, dei andre partia må møte problemet med politikk. www.bt.no/btmeninger/k...
May 20, 2025 at 5:18 AM
17. mai-talar kan ofte vere ganske keisame å høyre på. Dei skal liksom vere upolitiske og nøytrale. Men kvifor det? Det er jo politikk og usemje vi feirar! Det skriv eg om i avisa i dag, med teikning av Frida Strømme til.

www.bt.no/btmeninger/k...
May 16, 2025 at 5:52 AM
VGs Hanne Skartveit meiner at boikottilhengarane utviser «mangel på empati» med årets israelske Eurovision-artist. Men vi kan ikkje redusere dette til spørsmålet om ein enkeltperson, sjølv om hennar personlege historie under Hamas-åtaket er redselsfull. www.bt.no/btmeninger/k...
May 14, 2025 at 6:40 PM
Passe skamlaust foto på BT-fronten i dag! Eg skriv om Fosseprisen og kvifor den bør kome heim. Og hindringane på vegen, då.
May 10, 2025 at 10:14 AM
Byen vår har haugevis av problem byrådet burde ta tak i. Mangelen på lysforureining i naturen er ikkje eitt av dei. Men no skal vi få lyktestolpar opp Fløysvingene. Det er på tide å seie nei til nedbygginga av nærnaturen vår. www.bt.no/btmeninger/k...
May 8, 2025 at 6:43 AM
Bokforbod og tradwifes frå USA, flaggnekt frå Ungarn og plagiert kristendomsforsvar frå England: KrF importerer kulturkrig i høgt tempo. Problemet er at dei ikkje vil stå i krigane. Då mistar dei tidlegare kjerneveljarar, men blir heller ikkje populære hos unge, sinte menn. www.bt.no/btmeninger/k...
April 30, 2025 at 6:06 AM
Ny bok!

Då eg var liten, budde Mamma i ei kommunal leilegheit på Jordal. Så flytta ho til Ullevål, og plutseleg fekk eg lære korleis det er å ha dårlegare råd enn dei rundt oss.

Det er mogleg å kjøpe bok her, og eg kan skrive ei helsing i henne om du vil: www.norli.no/978823401496...
March 25, 2025 at 8:32 AM
Det er i slike situasjonar det er viktig å seie at du representerer bladet Horse & Hound.
March 7, 2025 at 11:37 AM
Hei!

Eg krev berre dette: Å få lov til å velje sjølv når eg skal gå frå A til B i Bergen. Liker vi eigentleg dei samfunna der det offentleg styrer når du får passere frå ein sektor i byen til ein annan?
Dagens kommentar handlar om Småpudden. www.bt.no/btmeninger/k...
February 28, 2025 at 10:44 AM