Erik Holten
holtenher.bsky.social
Erik Holten
@holtenher.bsky.social
Serious science demands serious facial hair
Hm. Det er ikkje den evna det skortar på hos meg, det er berre vilja mi til å prioritere tid, trur eg? Eg tek svært sjeldan initiativ til å oppleva fiksjon i AV-format heller, lenger. Sist var jo Nattseilere på Bluesky, men der datt eg òg av da eg kom i usynk med måndagar og ikkje fekk teke meg inn.
November 27, 2025 at 8:25 AM
Ok, hør for dokker Europe avslutte verset med dei fem synkoperte slaga:

🎸🎸! 🎸🎸! 🎸—!

Og så opnar Joey Tempest (eller partnaren min) omkvedet:

bsky.app/profile/holt...
My partner sings daily upon reviewing the news of the day, to the chorus of Europe's immortal Final Countdown:

🎶🎙️"It's the Dumbest Timeline" 🎹🎸
November 27, 2025 at 8:16 AM
Eg har det nett som deg. Diverre, for eg likar fiksjonsprosa godt, og eg har altfor mange skjønnlitterære band i reolane til å halde på slik. Lell er det slik det har vorte. Men eg har òg nyss teke eit par universitetskurs i litteraturemner, og det hjalp jo noko på, sjøl om det ikkje var frivillig.
November 27, 2025 at 8:01 AM
Viking-jamføraren, ja. Lurar i den sammenhengen på kor mykje av brunfargen hans som kjem frå t.d. manuell vedonn, grøftegraving eller steinbryting?
November 27, 2025 at 7:50 AM
Jepsipepsi. Kulturelle konvensjonar. Ikkje ufråvikelege reglar, men like fullt fanst og finst det gråsoner mellom innanfor og utanfor gjengs "norm".
November 26, 2025 at 11:35 PM
Eg trur ikkje at eg kan stille meg attom dette antidogme-dogmet, altså. Eg tykkjer at det finst orden somme stadar i kaoset, og at det er muleg å veta ting – eller rettare, med høg sannsynlegheit vera ganske viss på ting – i språkhistoria. Lydlovene lyg ikkje, sjøl om "rettskrivingsreglar" er nye.
November 26, 2025 at 11:25 PM
Eg blir glad av dette, eg. 😊
November 26, 2025 at 6:05 PM
Reposted by Erik Holten
"Let me get this straight. Your lab has bred a dragon?"

"A wyvern, director. It has two legs, two wings, whereas a-"

"Which flies, breathes fire, and is intelligent?"

"About as intelligent as a border collie."

"So, intelligent. Why?"

"You asked us to invent measures to take down small drones."
November 26, 2025 at 2:41 PM
Oi, det var uvant friskt utspel frå ein arbeidarpartist. Nær sagt ukameratsleg. Slikt kan vi tole meir av!
November 26, 2025 at 4:20 PM
Har Bluesky funksjonalitet for å abonnere på undertrådar? For dette har eg òg lyst til å veta.
November 26, 2025 at 4:16 PM
Du kan så seie, men det er fleire grunnar til heller å håpe at bota blir inndreve, både netto samfunnsøkonomiske og at den griske fysaken heller ønskjer seg fengselssoning.
November 26, 2025 at 4:10 PM
For eigen del har eg gått frå å vera ganske hard og absolutt naiv ytringsfridomsfundie til å ende(?) som popperianar: Det er ikkje berekraftig å tolerere det som underminerer toleransen.

Eit anna munnhell: Dekning av fascisme utan negativ vinkling/framing kan ikkje seiast å vera objektiv.

2/2
November 26, 2025 at 2:03 PM
Grenseoppgangen vil bli umuleg, spesielt i det Overton-opninga flyttar seg og samfunnsordskifta våre atter fyllest, litt om senn, med normaliserte mål, midlar og verdiar som går mot grunnlaget i § 1.

Men dette er ein hundre år gammel debatt som grip inn i fleire verdikonflikter og ideologiar. 1/2
November 26, 2025 at 2:03 PM
I spørsmål om krig og internasjonale konflikter assosierer eg enno Diesen-namnet mest med Sverre, ikkje Glenn, og det meinar eg at eg har god grunn til.

www.nettavisen.no/nyheter/sver...
Slakter Trumps fredsplan
– Et forsøk på å smigre Trumps bunnløse forfengelighet, sier Norges tidligere forsvarssjef, som mener den amerikanske presidenten avskyr europeerne.
www.nettavisen.no
November 26, 2025 at 11:57 AM
November 26, 2025 at 8:02 AM
Enda sjeldnare er den tradisjonsrike kuren årelating
November 25, 2025 at 5:58 PM
Hugsar ikkje heilt, diverre. Eg trur at eg tok vare på eit postkort eller klistremerke (som eg ikkje har kontroll på lenger), og der meinar eg at det var nemnd einkvan ungdomsorganisasjonen som stod bak, så det var nok frivillig sektor. Juvente, kanhende?
November 25, 2025 at 12:53 PM
Altfor få som talar om denne velmeinte kampanjen.
November 25, 2025 at 12:34 PM
Kringkastingslova presiserer ikkje det med upartiskheit, ut over at _politiske_ parti ikkje skal kunne favoriserast.

(Før hadde kringkastarane påteke seg å gi lik sendetid i valkampsendingar åt kvart av dei store og små partia, så stoppeklokkene tikka. TV2 braut med dette i 2005, NRK i 2007.)

3/3
November 25, 2025 at 11:18 AM
% Programvirksomheten skal preges av allsidighet, upartiskhet, saklighet og skal legge vekt
på det vesentlige."

Som den skarpe lesar alt har observert, inneheld desse avsnitta eit paradoks: Andrebolken fremjer nøytralitet, men førstebolken tek eksplisitt parti for demokrati og menneskerettar.

2/3
November 25, 2025 at 11:18 AM
Som det står i formålsparagrafen, skal NRK:

"…konsekvent fremme ytrings og informasjonsfriheten, de demokratiske grunnverdier og de grunnleggende menneskerettigheter og det enkelte menneskes frihet og verdighet.
%

1/3
November 25, 2025 at 11:18 AM
*Baltus Brun
November 24, 2025 at 3:11 PM