Per Gunnar Sætre
banner
bandanders.bsky.social
Per Gunnar Sætre
@bandanders.bsky.social
Ingen ting kan vekse uendeleg i ei endeleg verd. Om du overtyder meg om at du spør i god tru, svarer eg gjerne.
Eg tenkjer vi sender eit plasttre til England neste år.
December 2, 2025 at 9:59 PM
Så var peparkakene pynta. Det vart litt Non Stop på dei òg.
December 2, 2025 at 8:00 PM
Baby shipment. Skal eg kontakte barnevernet?
December 2, 2025 at 11:06 AM
Eg skjønar ikkje argumentasjonen frå dei som vil utvinne mineral på havbotnen. Dei meiner dei har investert for mykje til å verte stoppa no. Samstundes, vert det ikkje mykje verre å verte stoppa etter å ha brukt enorme summar på leiting, kartlegging og konsekvensutgreiingar?
December 2, 2025 at 6:42 AM
Desember, månaden med halv skatt og null plan og bygningslov.
December 2, 2025 at 6:04 AM
Har vore på julekonsert med Darling West i kveld. Eg kan ikkje muaikkmeldarspråket, men kan ikkje hugse sist eg kosa meg slik på konsert. Rørt til tårer vart eg òg. Så då kan ein vel ikkje ynskje seg meir.

At dei er heilt utuleg dyktige, det veit de vel frå før.
November 30, 2025 at 10:58 PM
1. søndag i advent og julespeleliste.

"Det strålar en stjërna" er ein fin,svensk julesong.

No er eg litt i tvil. Legg eg inn Bugge Wesseltoft sin versjon, eller kanskje Rikard Wolff/Kari Bremnes sin (då er tittelen "När det lider mot jul"?
November 30, 2025 at 10:41 AM
Pippi Langstrømpe 80 år. Til lukke. Eg har sansen for Pippi, men eg hadde aldri tatt på meg jobben meg å være lærar i eit klasserom med 25 pippilangstrømper. Og om eg var hjelpetrengande hadde eg nok følt meg utrygg med Pippi som heimesjukepleiar.
November 30, 2025 at 8:55 AM
Så tenner vi det første lys... kvitt og gull seier interiørpolitiet, men advent er lilla.
November 30, 2025 at 7:59 AM
"Nokre" pakkar inn julegåver for at mottakaren ikkje skal sjå kva han har fått før han har pakka ut. Andre legg litt meir sjel i det.
November 29, 2025 at 8:38 AM
Er det nokon som samlar inn alle dei brukte dronebatteria? *

*Retorisk spørsmål.
November 29, 2025 at 8:04 AM
Det er ikkje alt spm taper seg med alderen. Har du til dømes tenkt over kor mykje større sjanse du har til å verte 100 år om du er 99 enn når då er 29?
November 28, 2025 at 8:02 PM
Når ein går studieførebuande har fråveret i praksis ingen ting å seie om ein berre får karakter.

På yrkesfag er dagar og timar med fråvere på terminmeldinga i 1. termin på vg2 eller vg3 den viktigaste "karakteren" når dei søkjer læreplass.

E det ingen "der oppe" som skjønar det?
November 27, 2025 at 11:18 AM
Og så førebur ein seg til eksamen med NDLA

Så vert nettet eksamensstengt og alle bilete, skjema og illustrasjonar på NDLA vert berre små firkantar.

Og ja, eg er djupt fortvila på elevane mine sine vegne.

Moralen er: Lit aldri på noko du ikkje har lasta ned til PCen din.
November 27, 2025 at 9:51 AM
Dan Tyminski, han som er songstemma til George Clooney i Oh brother... og som syng songen sin Hey brother saman med Avicii, er det mogleg å ikkje like ein slik fyr? (alle fall slik han presenterer seg på sosiale media) Min sort influenser.

www.instagram.com/reel/DRiEpEo...
Dan Tyminski on Instagram: "Thankful for Winnie 🍂"
This heartwarming video captures Winnie Pooh's unique scratching ability, showcasing its natural talent and playfulness. The adorable moment has captured the hearts of many, making it a must-watch for...
www.instagram.com
November 27, 2025 at 6:57 AM
NÅ: 50% på juletrær
November 26, 2025 at 10:50 AM
Kva gjer du med julepynten frå i fjor, som i fylgje ekspertane er heilt ute?
November 26, 2025 at 6:57 AM
Eg har spelt i eit bitte lite brassband eit par år. Snart ferdig rekrutt. Vi er 10 karar mellom 60 og 80 år som samlast halvannan time kvar mandag. I går spelte vi eit lite, enkelt stykke berre for å sjekke kva det var for noko.
November 25, 2025 at 10:31 PM
Kanelkrigen, altså.
November 25, 2025 at 8:20 PM
Eg går lite på ski i bratte fjellsider, så eg burde kanskje ikkje bry meg. Men eg vert skræmd når eg ser skispora som går inn i Vikeskåla. Den første som gjekk inn har kanskje vurdert forholda, men dei som kom etterpå har vel berre funne eit skispor og då er det vel greit...
November 25, 2025 at 3:11 PM
Kva med å etablere togrute mellom Ørsta og Oslo. Bane finst ikkje, men kva med Widerøe for tog?
November 25, 2025 at 6:07 AM
Vatn. Vatn som brusar, vatn som flyt stilt forbi. Ro i sjela. Dette er muskalsk vatn. The Tyburn. Det siste frå Geir Sundstøl. Saman med engelskmannen Joe Harvey-Whyte.

open.spotify.com/track/7ko93I...
The Tyburn
open.spotify.com
November 24, 2025 at 9:21 PM
Dei gamle fjell i syningom
er'kje alltid eins å sjå.
November 24, 2025 at 7:42 PM
Mogleg eg avslører digital inkompetanse her, men altså, det må no kunne gå an å laste ned ein PDF til mobilen uten å risikere å kjøpe halve Kina.
November 23, 2025 at 8:15 PM