Arve Helle
arvehelle.bsky.social
Arve Helle
@arvehelle.bsky.social
Leiar i Hovudutval for samferdsle og mobilitet i Vestland.
Styreleiar i NFF Sogn og Fjordane.
Sosialdemokrat. Langt over snittet interessert i fotball. Stort hjarte for lokalfotballen, Brann og Manchester United. Engasjert og pratesjuk!
Heilt klart at ting kunne vore gjort annleis, men om det hadde påverka debattnivået nemneverdig er eg usikker på. Det er berre å sjå på det generelle debattklimaet.
January 31, 2025 at 7:51 PM
Eg vil utvikle, ikkje avvikle.:)
January 31, 2025 at 7:44 PM
Eg er kritisk til korleis det har fungert, men er overbevist om at teknologien - saman med betre opplæring av dommarane- vil forbetre det kraftig framover. Samstundes så er det noko med at alt som skal avgjerast av menneskeleg skjønn blir gjenstand for diskusjon.
January 31, 2025 at 7:31 PM
Eg trur nok i dette tilfellet at det er like stor sjans for at hard core VAR-motstandarar «brukar» breddeklubbane som at dei berre utan vidare gjer som forbundet anbefalar.
January 31, 2025 at 7:25 PM
Veldig usikker på om det blir noko fleirtal for VAR. Trur du undervurderer breddeklubbane om du oppfattar dei som stemmekveg.
January 31, 2025 at 7:18 PM
Styret kunne gjort det enkelt for seg sjølv og følgt fleirtalet i NTF. Når dei ikkje gjer det og meiner sterkt at det er viktig å behalde VAR, så anerkjenner eg dei retten til det.
January 31, 2025 at 7:16 PM
Eg forheld meg til at når tinget har sagt sitt så har demokratiet talt, enten det blir ja eller nei til VAR.
January 31, 2025 at 6:03 PM
Eg er einig i at det er ein bekymringsfull retorikk, men det gjeld jammen supporterane også. Det er f.eks ein retorikk og karakteristikkar av presidenten i ordskiftet som er langt over streken.
Så lenge demokratiske prosessar har føregått “etter boka” bør ein akseptere dei.
January 31, 2025 at 4:45 PM
Når du ber folk med posisjonar om å gå ei runde med seg sjølv og eigen retorikk, så reknar eg med at det gjeld supportermiljøet også…
January 31, 2025 at 4:28 PM
Så om breddeklubbane bikkar fleirtalet for VAR, så er det ikkje demokratisk?
January 31, 2025 at 4:26 PM
Føler på det same, Davy, men tenker det går seg til.
På X ser det ut til at til at ytre høgre har overtatt fullstendig, i alle fall i min feed, så den plattforma har eg tenkt å fase ut.
November 11, 2024 at 10:22 PM