🏳️‍🌈Hanne✨📎
ortostatisme.bsky.social
🏳️‍🌈Hanne✨📎
@ortostatisme.bsky.social
Mamma. Sykepleier. Tidvis morsom. Stort sett snill. Av og til forbanna. Ho/hinne
Når du finn verdas aller beste lenestol på ein møbelbutikk i Kristiansund
December 13, 2025 at 5:40 PM
Reposted by 🏳️‍🌈Hanne✨📎
Ha ha. Gutta. Sjekk da. Det lyser bare så sjukt i stille grender.
December 10, 2025 at 7:22 AM
Eg: Morn! Sove godt?
Han: Som ein baby!
E: Vakna du ein gang i timen og ikkje fekk søve att før nokon holdt handa di?
H: Hæ?
E: Var du vaken 3 timar fordi sokken var skeiv?
H:N… Nei
E: Vekte du heile familien fordi du ikkje fann bamsen din?
H: …
E: DÅ SØV DU KANSKJE IKKJE SOM EIN BABY HELLER DÅ???
December 10, 2025 at 9:10 AM
I dag har eg på ekte vore verdas verste mamma. Denne fortjenar sin eigen post, for holy hell, eg har sjeldan hatt so dårleg samvittigheit når ho bryt saman.

Ho hadde lagt favorittpinnen sin «ilag med pinnane dine, mamma» (veden i vedkorga, red.anm.), utan at eg visste det. Du skjøner resten sjølv.
December 9, 2025 at 2:26 PM
… Okei da. Hindsight is 20/20, seier dei. Eg har brukt mykje tid på å søve og slappe av. No legg eg opp dagane for å stresse minst mogleg, i staden for å skulle rekke mest mogleg. Eg har blitt flinkare til å seie nei, og til å delegere. Eg har lang vei å gå, so klart, men det er stor forbetring.
Blodprøvane er heilt fine, eg manglar ingen vitamin eller mineralar. Som betyr at i staden for å fikse den utbrende, slitne hjerna mi med tablettar eller tilskot og så berre dure på i same tempo, så må eg liksom endre på driten i livet mitt for å få det betre??? Fucking rude.
a man with a beard is wearing a jacket that says the disrespect on it
ALT: a man with a beard is wearing a jacket that says the disrespect on it
media.tenor.com
December 9, 2025 at 10:21 AM
O’ jul med din glede og barnlige lyst
December 8, 2025 at 10:55 AM
Meg når dei seier «hugs at denne tida med søvnløse netter, sinneutbrudd over småting og total mangel på empati går over på eit blunk 🤗🤗🤗»
a man with a beard is wearing a purple shirt and looking at the camera
ALT: a man with a beard is wearing a purple shirt and looking at the camera
media.tenor.com
December 6, 2025 at 8:50 PM
Sonen til naboen har flytta heim med sin eittåring, og han har tydelegvis same babycall som oss. For no tek vår babycall inn hass signal, men fordi hass sendar ligg heilt i ytterkant av vår rekkevidde, slår den inn og ut og får alarmen på vår einheit til å gå.

Det har vore ei lang natt.
December 3, 2025 at 8:19 AM
Altså eg meinar ikkje å victim shame/victim blame nokon, eg seier berre at dersom dottera mi kunne haldt hovudet sitt stille slik eg ba ho om, hadde eg kanskje ikkje trengt å waterboarde ho for å få shampoen ut av håret hennar.
November 30, 2025 at 10:58 AM
Fy faen, Nettavisens skivebom på emoji-bruk gir så sterke «hello there fellow kids»-vibes.

Og så på en sånn sak, da..
November 26, 2025 at 10:17 PM
Frøken «eg byrjer å grine når du nevner at du skal støvsuge fordi eg vert so redd av lyden»: MAMMA!! Ingen må ta støvsugeren min mens ej tissa. EJ ska støvsuge.

Har eg vunne denne mammagreia no? Det kjennes sånn.
November 25, 2025 at 4:20 PM
Fortell meg noko ein kan seie både når ein står fast i trafikken, og på soverommet.

Eg byrjar:

Fylket skulle ha utvida denne for mange år sidan!
November 23, 2025 at 3:05 PM
Eg fekk beskjed om at eg måtte setje meg ned og vere stille for babyane skulle søve. Så no sit eg og slappar av medan gjeng eittåringen og treåringen rundt og byssar på kvar deira dukke medan dei syng Blinke Blinke Stjernelill og eg føler eg har vunne heile foreldrerolla.
November 22, 2025 at 11:01 AM
Eg seier ikkje at eg planlegg å ta affære mot ein spesifikk inkompetent leiar, eg seier berre at det har slått meg at om ein skal begrave eit lik, kan ein ringe politiet og tipse om kor dei kan grave, og når dei ikkje finn noko, har ein eit ferdig gravd høl som dei ikkje vil sjekke fleire gongar 🤷🏻‍♀️
November 20, 2025 at 9:32 PM
I dag har eg henta ved i skjulet som pappa bygde då han budde i dette huset før han døydde. Og kvar gong eg gjer det, tenkjer eg på kor stolt han hadde vore hvis han hadde visst at veden han la på tørk den gongen skulle halde barnebarna hass varme gjennom deira første vintrar. Det er ein fin tanke ♥️
November 18, 2025 at 7:40 PM
Kom på då eg åpna maskina, kvifor eg drog ut å byrje på opphenginga. Det er hundre gongar lettare å ordne ei maskin med badehanddukar enn ei maskin med ein million barneklede. Men okei, jobben er gjort. Takk for samarbeidet.
Ikkje for å fråskrive meg ansvar, men kan kokon minne meg på å hengje opp klesvaska i morgon? No vaskar eg den same maskina for tredje gong og eg er redd det er heilt på grensa for kor lang tid kleda kan vere våte før dei vert øydelagde.
November 18, 2025 at 2:01 PM
Ikkje for å fråskrive meg ansvar, men kan kokon minne meg på å hengje opp klesvaska i morgon? No vaskar eg den same maskina for tredje gong og eg er redd det er heilt på grensa for kor lang tid kleda kan vere våte før dei vert øydelagde.
November 17, 2025 at 8:13 PM
I morgon skal eg for første gong i livet stå på andre sida av ei narkose, ikkje som fagpersonell, men som pårørande. Minstejenta mi skal få dren i trommehinnene sine. Det kjem til å gå heilt fint, det er ein enkel rutineoperasjon som er fort gjort, men likevel. Tankar i massevis.
November 16, 2025 at 10:34 PM
Dei beste middagane lagast på badet! 😍
November 16, 2025 at 8:53 AM
Reposted by 🏳️‍🌈Hanne✨📎
No one has pushed me further into "Epstein didn't kill himself" theory than Donald Trump
Hmmmmmmmmmmmmm
November 13, 2025 at 6:17 AM
Kvaa? Er Trump pedofil? Herregud slutt å kødd. No wayyy, det er liksom alltid den du minst forventar..
EPSTEIN: even today, after the release of the key Epstein-Maxwell emails in which Epstein says Trump knew about the "girls" but hasn't "barked" (presumably, talked), the NYT reports that the WH is intensely pressuring the House NOT to vote to release more? How much worse is what we have not seen?
November 13, 2025 at 12:19 AM
Enda ei lønning har kommet og gått uten at bonusen, som kommuna lover oss som endrer til mer ugunstig turnus og/eller jobber ekstra for å få sommerferieavviklinga til å gå rundt, er utbetalt. «Spent» på å se om den kommer i år eller ikke.
November 12, 2025 at 6:51 AM
Eg hatar at tennene mine krevar so mykje vedlikehald. Resten av beina i kroppen min er liksom rimelig low maintenance, så hvis tennene kunne stoppa å tru dei er så jævla spesielle, så hadde det vore fint.
November 9, 2025 at 11:02 PM
Eg har ikkje tryna, spydd, eller sagt noko eg angrar på, eg hugsa å ta på refleksvest før eg gjekk heim, og eg drakk ein liter vatn total iløpet av kvelden. Jentene er i godt humør, mannen min stod opp med dei sånn at eg kan få søve litt til, og eg har sjokomelk og paracet innabords.

10/10!
Eg har ete sju geléshots og klokka er verre ti. Be for meg, er dykk snille.
November 9, 2025 at 8:50 AM
Eg har ete sju geléshots og klokka er verre ti. Be for meg, er dykk snille.
November 8, 2025 at 9:10 PM