Den Kloke Lille Høna
banner
krissto95.bsky.social
Den Kloke Lille Høna
@krissto95.bsky.social
Ho/ho.
Ikkje julenissen, berre nynorske pronomen.
Famlar meg gjennom høgare utdanning, underviser norsk på speed og skriv teksten du ser på TV.
*åttegangar energidrikk-inntaket mitt for å fylle opp det skrapte b-vitamin-lageret*
December 8, 2025 at 9:31 PM
KI er menneskefiendtleg send floff
December 8, 2025 at 7:21 PM
Bruke all tida mi på å trene opp verktøya som skal gjere meg overflødig? Eg vil heller rive ut kjønnshåra mine, eitt om gangen.
December 8, 2025 at 7:21 PM
Svaret på spørsmålet Kaveh og Interoptik stiller, er dessutan openbert: Me vert utsett for stadig meir skjerm, enten me vil eller ei.

Eg kjøpte databriller for 110 kroner som funkar fjell, ikkje frå Interoptik.
Er det greit at «hele Norges fastlege» som altså er ansatt i offentlig stilling, inngår betalt kompaniskap med optikerkjede og reklamerer for den på sin Instagramkonto? Selv om innholdet merkes reklame, synes jeg ikke det er innafor
December 8, 2025 at 7:18 PM
Eg vurderer å skaffe meg ei sånn ekstrem vekkarklokke, helst med høgare ljod, men me fattige byfolk som bur tett, må nesten ta omsyn til naboar og sånt. Og eg vil helst vakne utan panikk. Finst det andre gode løysingar? Tips til gode vekkarklokker for oss som søv TUNGT?

(Obs! sjå neste floff)
December 8, 2025 at 7:01 PM
Å kjøpe majoriteten av julegåvene på nett verkar veldig tids- og stressbesparande, heilt til ein har sjukt masse papp å kvitte seg med.
a stack of cardboard boxes in a room with a mascot wearing a carolina panthers jersey
ALT: a stack of cardboard boxes in a room with a mascot wearing a carolina panthers jersey
media.tenor.com
December 8, 2025 at 2:54 PM
meg vs. bokhylla (/bokhyllene) del 678

Ljos lilla er ikkje ein så sjukt vanleg farge på bokomslag. Eg har totalt to av dei. Ein skulle tru det var enkelt nok å identifisere i mylderet. Men eg fann altså berre den eine! Og eg har leita fleire gongar!

Den eg trengde, fann eg omsider i ryggsekken.
December 8, 2025 at 2:51 PM
POV: du prøver å finne ein rosa gensar til gut (16)
December 7, 2025 at 5:07 PM
søndagen så langt: vakna med vondt hovud, fekk panikk over Attenborough-doku og har no panikk hjå tannlegen.

BAD søndagsvibb

Heldigvis skal me sjå 50 Cent-dokuen etterpå, og den mannens sjølvtilfredse smil kan redde verda
December 7, 2025 at 2:16 PM
Det har gått SÅ seigt denne veka, og det er så vidt eg har klart å gjere noko som helst. Eg har berre sete og sutla vekk all tida mi. Og så er det plutseleg helg i morgon att?! Eg er ikkje klar! Eg vil ikkje ha helg! Eg vil sitje på lesesalen!
December 4, 2025 at 10:07 PM
Folk HATAR når du har mobiltelefonen på lydlaus. Kan tilrå!
December 4, 2025 at 10:04 PM
Og eg som døgna an i natt for å snu døgnet tilbake til dugelege tider, og så sit eg faen meg på lesesalen til stengetid likevel. Det vert jo for dumt.
December 4, 2025 at 9:55 PM
Nei, faen, no rekk eg ikkje handle på Trippel Trumf💔
December 4, 2025 at 9:53 PM
HALLELUJA! Heftefunksjonen er tilbake 🥹 ein kan verte rørt av mindre🥹
December 4, 2025 at 9:50 PM
Reposted by Den Kloke Lille Høna
Jeg har veldig lyst til å være brutalt ærlig om skappel, men er litt redd noen skal ta seg nær.

Fuck it.

De er skamløse, grådige, ukvalifiserte og retter seg mot en gruppe som ikke er kyndige nok til å se at de blir lurt både i materialvalg og utseende.
December 4, 2025 at 5:12 PM
Reposted by Den Kloke Lille Høna
Det er så intenst fornærmande for heile handverkskulturen, kvinner har samlast og lært av kvarandre, generasjonar har vidareført handlag og ferdigheiter. Gratis.
December 4, 2025 at 5:09 PM
Reposted by Den Kloke Lille Høna
Vektaren fann henne natta før fristen med ein bunt utbrende fyrstikker utanfor lesesalen, det var kloremerke på vindauget. Storsamfunnet krumma nakken i skam, og livsverket hennar vart sidan pensum, allemannseige, kulturkanon.
December 4, 2025 at 4:52 PM
Men OM det er kreft og eg har seks månadar att å leve, må nokon gjere masteren min samanhengande, eventuelt skrive han om til ein artikkel. Og så må nokon lese utdrag frå Haugtussa i gravferda.
December 4, 2025 at 2:29 PM
Det er utruleg ubeleileg for meg at det no vert motstandskamp å ete næringsrikt og trene styrke. Eg HATAR å ete næringsrikt og trene styrke. La meg vere skjør og svak i fred utan at det inngår i eit større politisk system!
December 4, 2025 at 12:53 PM
Eg er heilt skrapt for jern, b-vitamin, folsyre og d-vitamin: keisamt, føreseieleg, berre ein del av det å vere ung kvinne i 2025, kuren er keisam og langdryg

Eg er anemisk: mystisk viktoriansk borgarleg kvinne som får resept på nokre veker i den friske sjølufta, tim burton-esque
December 4, 2025 at 12:49 PM
Fekk litt i overkant deja vu der eg sat på HF-dassen og såg på augekrem for mørke underauge og minna meg sjølv på å ta jerntablettane eg får streng beskjed om å ta kvar gong eg er hjå legen, for så å gløyme fleire månadar om gangen.
December 4, 2025 at 12:32 PM
Eg trur faen meg eg skal rekke å gi mor mi ein pusleadventskalender likevel, eg! No må eg berre finne ut korleis eg skal dele 1000 på 24 først.
December 3, 2025 at 10:19 PM
Reposted by Den Kloke Lille Høna
once you're burdened with the knowledge of making perfect scrambled eggs you can never go back to eating crummy scrambled eggs
December 3, 2025 at 1:07 PM
Tenk at Knut Hamsun slapp unna både med å vere nazist og med å skamlaust plagiere Arne Garborg.
December 2, 2025 at 10:24 PM
ikkje spør meg kor mykje eg har fått gjort av det eg skulle gjere
December 2, 2025 at 8:05 PM