Tor Gunnar Heggem
tgheggem.bsky.social
Tor Gunnar Heggem
@tgheggem.bsky.social
260 followers 210 following 870 posts
Bestefar og boomer
Posts Media Videos Starter Packs
Slepp aldri unna mangfoldet av folk.
Kanskje det kokar ned til det. Privat er det òg.
Ingen veit, og i det siste har vi sett mange døme på alt folk kan finne på å tru på. «Ein million lemen kan ikkje ta feil» er ikkje eit argument. Problemet oppstår når nokon vil tvinge andre til å tru på deira måte, anten ved sosiale sanksjonar eller gjennom lovverk.
Det må da vere positivt at ikkje all forsyning er etter just in time-prinsippet. Personleg treng eg god tid til å utsette julehandelen.
Du har rett. Men Gud er òg ein menneskekonstruksjon slik hen blir fortolka og beskrive. Dermed blir ikkje Bibelen Guds ord i mi verd, men ein blanding av historiebok, propagandaskrift, men òg kjelde til innsikt. Det du nett las, er mi fortolking, og eg har like lite pålitelege som andre fortolkingar
Fordi ingen forstår mysteriet heilt ut, og teologien er i sin natur menneskeskapt. Når da «alle» skal tru slik fortolkarane meiner det er, er ikkje vegen lang til sosial kontroll og einsretting.
Du har rett i det. Men teologien, læra, blir ei innsnevring av kva dette kanskje dreier seg om.
Eg mistenker ikkje at du har maktambisjonar, men mange har brukt trua til å få makt, Olav Digre var tidleg ute.
Takk for svar. Det med håp gir meining. At det finst ein åndeleg dimensjon i måten vi opplever verda på, har eg ikkje problem med, derimot er eg skeptisk til teologiane i alle religionar. Det er berre menneskelege tolkingar, og dessverre ofte maktmiddel .
Du treng ikkje å svare, men kva betyr det for deg, kva får deg til å seie at du er kristen, er det intellektuelt eller kjenslestyrt?
Eg er ikkje eingong sikker på kva det betyr å vere kristen, litt for ofte ser det ut til å vere litt fariseeraktig, utvendig, med stor avstand mellom liv og lære.
Det kjem vel litt an på kva interesser du har, er det det eine, er vel universitetet ein grei mottakar, er det det andre vil eg anbefale Tinder eller ein bygdafest.
Du har så rett. Det er mange som lurer seg fram i ly av kristennamnet, eg nemner i fleng Trump, Listhaug …
Noko som forundrer meg: Dersom nokon kallar seg kristen, som til dømes Charlie Kirk, så blir dei omfamna og forsvart, for eksempel av Selbæk, som førstereaksjon. Eg har større tru på tilnærminga di. Treet må kjennast på fruktene, ikkje namnet, for å omformulere Skrifta.
Du kjenner ikkje meg, og eg kjenner ikkje deg. Du er sikkert ein grei person som dei fleste andre. Men vi er ikkje einige i den eine saka vi har diskutert. Det må vi nok begge leve med.
Ein lærarkollega brukte å seie, når det var på det mest hektiske med «utanomting» og spesielle opplegg på skolen: Gje meg ein roleg dag i november.
Eg likar å tru det, men det er så lett å overvurdere seg sjølv.
Hadde dreping av ekorn vore einaste alternativet når ein skal ha våpentrening, kunne argumentet vore gyldig, men det er det ikkje. Det er ikkje maktarroganse å seie at eit argument ikkje held. Det er vel det alle duskusjonar handlar om, å vekte argument mot kvarandre.
Eg har ikkje, og ønsker ikkje å ha, myndigheit til å bestemme kva du skal meine. Men i ein sakleg samtale er mitt standpunkt at dreping utan anna formål enn å drepe, er forkasteleg. Jakt, derimot, har eit formål.
Du forstår ikkje at det er forskjell på jakt og formålslaus dreping, ser det ut til. Argumentet ditt om våpentrening er ikkje gyldig, for det kan du skaffe deg på betre måtar.
Gje meg eitt godt argument for kvifor det er ok.
Du må lese det eg skreiv. Å jakte berre for å drepe har kanskje eit formål for den som gjer det, utan at eg kan forstå det, men det er forkasteleg.
Da må eg få anbefale «total clean», som Fagmøbler fører. Den lyse sofaen vår har gjenoppstått som ved eit mirakel to gonger etter raudvin. Men no er det jo laurdag …